Anmeldelse til Spesialeininga

Dersom du meiner nokon i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i teneste, kan du melde forholdet til Spesialeininga. Klagar på kritikkverdige forhold i politiet fell utanfor Spesialeiningas arbeidsområde. Slike klagar skal sendast til politiet. Sjå nærmare om dette nedanfor.

 

Du kan levera melding ved brev til Spesialeininga eller til politiet. Politiet vil vidaresende meldinga til Spesialeininga. I staden for å skrive brev, kan du levera melding ved å møte opp hos politiet og gje forklaring. Etter avtale vil du også kunne gje melding ved personleg oppmøte hos Spesialeininga.

 

Ei melding bør normalt innehalde følgjande punkt:

1.  Kva består den straffbare handlinga i? Handlinga bør beskrivast så nøyaktig som mogeleg.

 

2.  Når og kvar fann den straffbare handlinga stad?

 

3.  Namn på ein eller fleire av dei involverte personar eller ei beskriving av personane, identitet i form av tenestenummer eller namn, kva politidistrikt/politistasjon kom dei frå e.l.

 

4.  Namn eller beskriving av vitne til hendinga.     

 

5.  Dersom du har skadar vil ein legejournal e.l. ofte vere eit viktig prov. Hvis det leggjas ved bilete av skadar eller anna, bør det informerast om kven som har teke bileta, kvar og når dei er tekne.

 

6.  Meldinga må vere underskriven av meldar. Dersom du er under 18 år, bør også verje (føresett) skrive under.

 

Har du hatt økonomiske utgifter som følgje av hendinga, bør dokumentasjon sendast inn saman med meldinga.

 

Vi pliktar å gjere deg merksam på at det er straffbart å gje ei falsk melding (skulding), som fører til at nokon urettmessig kan bli mistenkt for å ha gjort ei straffbar handling, jf. straffelova § 168.

 

Klage til politiet

Dersom du meiner å ha blitt utsett for ei tenestehandling som er kritikkverdig, men ikkje straffbar, kan du fremje ein klage til politimeisteren i det aktuelle politidistriktet. Klagar blir behandla i samhøve med ein eigen instruks for behandling av meldingar om kritikkverdige forhold utførte i teneste i politi- og lensmannsetaten.

 

Dersom Spesialeininga mottek ei klage over kritikkverdige, men ikkje straffbare, forhold, vil saka normalt bli avvist og vist til behandling i politiet. Det vil bli treft vedtak om avvising. Er Spesialeininga i tvil om det er ein klage eller ei melding, vil du bli kontakta for å spesifisere meldinga di.

 

Klager og anmeldelser mot politiet

Aktuelt
Sjefen for Spesialenheten
Hamar
 

E-post: post@spesialenheten.no

Besøksadresse:
Grønnegata 82, 2317 HAMAR

Klikk her for postadresse, telefon, m.m. »

Etterforskingsavdeling
Øst-Norge, Hamar og Oslo

 

E-post: post@spesialenheten.no

Besøksadresse:
Grønnegata 82, 2317 HAMAR

Klikk her for postadresse, telefon, m.m. »

Etterforskingsavdeling
Vest-Norge, Bergen
 

E-post: post@spesialenheten.no

Besøksadresse:
Slottsgaten 3, 5003 Bergen

Klikk her for postadresse, telefon, m.m. »

Etterforskingsavdeling
Midt-Norge og
Nord-Norge, Trondheim

E-post: post@spesialenheten.no

Besøksadresse:
Kongens gate 30, 7012 Trondheim

Klikk her for postadresse, telefon, m.m. »

Løsningen er designet og utviklet av Hamar Media – www.hamarmedia.no